Visjon:
Austevoll maritime fagskule skal i all læring og virke i klasseromma, på båtane, i verkstadane, på notloftet, i utplasseringsbedriftene, i pausar og fritid i kantina, på skulekontoret og ellers overalt i skulesamfunnet ha som visjon:
å skape heilstøypte menneskje som har fagleg dugleik og kunnskap i høve til yrket kopla med etisk og estetisk haldning og forståing i all si ferd. Menneskje utdanna ved skulen skal utmerke seg ved at dei har noko ekstra. Dei skal vere flinke i faga sine og samstundes ha det ekstra som danning og kultur tilfører.
Overordna mål:
Skulen har tre (3) mål som er overordna for heile verksemda og som fører oss i retning visjonen.
MÅL 1
All utdanning ved skulen skal vere relevant i tydinga målretta, moderne og samfunnsnyttig.
MÅL 2
Haldningar skal koplast til fagkunnskap og fagleg dugleik og skal prege opplæringa i alle fag.
MÅL 3
Alle elevar, utan unntak og uansett forhistorie og framferd, skal møtast høfleg og med respekt.
Web: http://fia.hfk.no
Annonser: