HSH er ein regional høgskule med om lag 3000 studentar og 270 tilsette. Me tilbyr grunnutdanningar på bachelor- og masternivå og eit bredt utval av etter- og vidareutdanningar. I tillegg driv me fleire forskings- og utviklingsprosjekt gjennom vårt fagmiljø. Me har studiestader på Stord og i Haugesund.
HSH skal vere ein attraktiv, ambisiøs, relevant og tidsriktig høgskule tufta på kvalitet. Me skal vere ein akademisk drivkraft og forsyne regionen vår med kompetanse og ny kunnskap. Det utfordrar oss - samstundes gir det oss moglegheiter for ny utvikling!
Våre faglege satsingsområde:
- Avdeling for lærarutdanning og kulturfag: Undervising, formidling, forsking og utvikling innan våre ulike lærarutdanningar skal leggje særleg vekt på utvikling av fagleg, kreativ og innovativ kompetanse i skule og barnehage. Analyse av og refleksjon over bruk av teknologi som del av undervising og opplæring er eit viktig fokusområde.
- Avdeling for helsefag: Undervising, formidling, forskning og utvikling innan helsefag skal særleg vektleggje omsorgsvitskap med fokus på folkehelsearbeid, samhandling og personsentrert omsorg til pasientar i langtidsforløp.
- Avdeling for tekniske, økonomiske og maritime fag: Undervising, formidling, forskning og utvikling, og regionalt utviklingsarbeid innan dei tekniske, økonomiske og maritime fagområda skal ha spesiell relevans for den petromaritime næringsklynga i regionen. Vi skal ha særskilt fokus på teknisk sikkerheit, økonomisk og organisatorisk usikkerheitshandtering og komplekse maritime operasjonar.